Foreldreplakaten

FUG har ikkje adressa til alle FAU, så derfor vert det sendt til skolen.

– Er du FAU-leiar er det lurt å spørje på skolen om det har kome fram og om du kan få din del av innhaldet. Så kan du vise det fram for dei andre foreldra i neste møte, og eventuelt kopiere eller laste ned fleire eksemplar, seier FUG-leiar Christopher Beckham.

Sendinga frå FUG inneheld:

  • 2 brev. Brevet har bokmål på eine sida og nynorsk på den andre
  • 2 foreldreplakatar frå FUG
  • 2 ark med adressene til FUG på nett, Facebook og Twitter
  • 2 brosjyrar frå Utdanningsdirektoratet om rettane til foreldre
  • 2 foldarar frå Helsedirektoratet om sunn skolemat

Vi ynskjer at rektorane tar eit eksemplar av kvar og at leiaren av FAU får det andre.

Foreldreplakatane kan lastast ned frå nettet. Dei er omsett til mange ulike språk.

Beckham og matboks

Foldar om skolemat

FUG har eit samarbeid med Helsedirektoratet om sunn skolemat. Dei har ein kampanje der dei oppfordrar til at foreldra sender med barna sunn og delikat mat på skolen. Sjå meir om denne her.

FUG har i eit prinsippnotat sagt at vi ynskjer at elevane skal få servert eit sunt måltid på skolen. Som foreldre er vi òg opptatt av at barna vår får tid og ro til å ete maten sin på skolen.

Vi meiner at barna behøver sunn mat og drikke for å kunne konsentrere seg gjennom dagen og få nytte av undervisninga.
 

Ny brosjyre

Utdanningsdirektoratet har laga ein ny brosjyre om rettane til foreldra. I denne utsendinga finst ho berre på bokmål, men den nynorske versjonen finst på Utdanningsdirektoratet si nettside. Brosjyren kan òg lastast ned hos dei og hos FUG.

- Vi håper at sendinga vil vere til nytte. Del materiellet med andre foreldre og leit saman på nettsida vår om de treng noko meir. Og lykke til med arbeidet som medlem av FAU, seier FUG-leiar Christopher Beckham.