- Dette er urovekkjande! Vi hadde håpa og trudd at skulane ville tilstrebe gode rutinar for ein jevn dialog med foreldra i ei så alvorleg krise. Dette var ting vi spelte inn til myndigheitene i ein tidleg fase, seier FUG-leiar Marius Chramer.

Mest kontakt på lågast trinn

I alt 1029 foreldre frå heile landet er spurd i perioden 16. – 20. april. Då var dei tre fyrste vekene med heimeundervisning unnagjort, og påskeferien var over. 

Talet på respondentar fordeler seg likt på 1. – 10. trinn, med nokon færre for vg1. Respondentane er foreldre frå heile landet der fleirtalet (29 %) kjem frå Austlandet.
Nesten alle (98%) av dei spurde har hatt heimeundervisning desse tre vekene. 

Ikkje overraskande har foreldra til barn i 1. – 4. trinn hatt hyppigast kontakt med skulen (73%). Likevel svarer 27% av foreldra til de yngste at de ikkje har hatt nokon form for kontakt.  

For foreldra med barn i 5. – 7. trinn er talet 62%, mens berre 47% av foreldra til elevar i ungdomsskulen og 27% til elevar i vidaregåande har hatt direkte kontakt med skulen. 

FUG-leder Marius Chramer (Foto: NRK)
FUG-leder Marius Chramer (Foto: NRK)

Må få rettleiar for heimeskule

- Vi spilte tidlig inn i krisa at alle foreldre burde sikrast eit minimum av kontakt med læraren. Vi ynskte gode rutinar som beskreiv form og hyppighet på kontakten mellom heim og skule i tida med heimeundervisning, seier Chramer. 

- Vi burde ha hatt ein eigen rettleiar for heimeskule. Pandemien kan forlengjast eller blusse opp att. Det kan kome nye samfunnskriser og pandemiar som krev hjemmeskole i framtida. Då er det viktig å ha ein rettleiar som beskriver rutinar for kontakten mellom heim og skule. Vi veit at det er avgjerande viktig for elevane – og spesielt nå, meiner Marius Chramer.

Tenåring og foreldre samtaler over bok
(Foto: Colourbox)

Dei eldre elevane

Chramer reagerer på den store mangelen på kontakt og i dei høgare trinna. 

- Vi veit at 10. klassingane er i ein sårbar fase i livet der dei skal over i vidaregåande og ta viktige val for framtida. Og så liten kontakt med føresette i vg1 kan få ein direkte konsekvens ved at elevar droppar ut, seier Chramer.

Han syner til medieinnslag etter påske som standfestar at ein del vgs-elevar nå har kutta kontakten med skulen.

Undersøkinga syner og at av dei som var minst nøgde med kontakten med skolen, var de fleiste foreldre til vg1-elevar. 

Digitale verktyg

Det er kontaktlæraren som oftast har kontakta foreldra (77%), 46% av foreldra har sjølv kontakta skulen. Den har skjedd via Visma/Teams, telefon/Facetime, mail og sms.

Digitale verktyg, heimeundervisningen og foreldra sin mogelegheit til å følgje opp, er dei temaene skulen har snakket meist om (44%). Råd og hjelp i skulearbeidet og å høyre korleis barnet har det i den nye situasjonen, kjem og høgt opp, 33%.

Mange har og fått hjelp til tilpassa undervisning for sitt barn. - Det er flott å sjå eit breitt spekter av saker foreldra har snakka med skulen om, seier Marius Chramer. 

Hjemmeundervisning i Bø
(Foto: FUG)

Mykje å gå på

73% av foreldra svarer at dei ikkje har sakna noko i kontakten med skulen, medan 18% svarer at dei har sakna noko, og 8% svarer at dei ikkje veit. Av dei som har sakna noko er fleirtalet (22%) foreldra til elevar i vg1. 

- Dette stadfestar at foreldra er viktige i heile skuleløpet, ikkje berre når barna er små, peikar Marius Chramer på. 

Sjølv om 7 av 10 spurde foreldre seier dei er nøgde med kontakten i dei tre veken, svarer 10 % at dei er ganske eller svært misnøgde. 18% svarer verken/eller. 

- Her har vi mykje å gå på. Hadde vi hatt rutinane på plass i ein eigen rettleiar for heimeskule, ville og resten av gruppa foreldre (28%) vore nøgde med skulekontakten, trur Chramer.  

- Eit viktig poeng i tillegg er at med ein plan for kontakten, ville foreldra og ha kunne avlaste skulen i ein svært hektisk periode, legg han til.

Liten kontakt med FAU

Undersøkinga syner og at berre 1 av 4 foreldre har hatt kontakt med råd og utval på skulen, som FAU, SU eller SMU, i desse veken. 

- Det er skule som skal sikre dialog med foreldra og «ramme inn» samarbeidet. FUG oppmoda tidleg skulane til å kontakte FAU og de andre organa slik at foreldra kunne diskutere saker og utveksle informasjonnformasjon der, seier FUG-leiaren. 

Her er Oponions undersøking for FUG om heim-skule-kontakt frå tre veker med heimeundervsining.