Foreldreplakat inkludering 2017

- Lær barna dine at ikkje alle menneske er like, men at alle er like mykje verdt, heiter det i første setninga på FUG sin nye tipsplakat.

FUG-leiar Gunn Iren Müller supplerer med at inkludering er eit tema heim og skule må samarbeide om. Det er viktig for alle foreldre å opprette ein god dialog med læraren.

Plakaten vert send til alle skular som har 1. klassingar dei nærmaste vekene saman med anna FUG-materiell. Den vil og kunne lastast ned frå nettsida vår.

Gunn Iren Müller med inkluderingsplakat (Foto:FUG)
(Foto:FUG)

Vaksne har ansvar

Overordna for dei 11 tipsa frå FUG er at vaksne har ansvaret for å leggje til rette for vennskap. Og vennskap gir skydd mot mobbing.

- Bli kjend med dei andre foreldra og barna i klassen. Tenk på korleis du kan inkludere både nye elevar og foreldra, seier ho og viser til plakaten. Det å ha felles ”reglar” for bursdagar og andre festar, er ein gyllen regel vi vaksne må praktisere, seier ho.

Å være eit godt forbilete, snakke med barnet om mobbing og nettvett og å være open for at og ditt eige barn kan mobbe, er andre tips.

Ny lov om mobbing

Frå 1. august vart ei ny lov mot mobbing (9 A) og for et trygt og godt skulemiljø innført. Lova har mellom anna lovfesta nulltoleranse mot mobbing.

Lova har utvida aktivitetsplikta til skulane når det gjeld mobbevarslingar. Det vil seie at dei raskt skal finne ut av saka og sette inn tiltak slik at mobbinga tek slutt. Skjer ikkje dette, får skulen dagbøter.

Foreldre kan melde frå om mobbing direkte til Fylkesmannen, og munnleg, etter å ha informert rektor fyrst. Fylkesmannen skal følgje opp sakene med skulen og eventuelt ilegge dagbøter.

- FUG ønska å behalde enkeltvedtaket fordi vi meiner det ga eit godt rettsleg vern for elevane som vert mobba. Nå håper vi den utvida aktivitetsplikta for skulane og Fylkesmannen si nye rolle kan veie opp for dette, seier Gunn Iren Müller, men legg til:

- Dette meiner FUG blir viktig å følgje med på og evaluere.

Jenter med mobiler
(Foto: Colourbox)

Forebyggjing viktigast!

- Den aller viktigaste jobben er å byggje eit godt og trygt skulemiljø slik at mobbing vert unngått. Å jobbe kvar dag med dette på skolane må være hovedfokus, med foreldra på laget. Så har vi det nye regelverket å leva etter dei gongene det glipp, seier FUG-leiaren.

Sjå Utdanningsdirektoratet si side nullmobbing.no med mange nyttige tips og lenkjer.