Foreldre og barn på nettbrett

Sosiale media kan være både nyttig og gøy, og dess eldre barna vert, dess meir går det sosiale livet føre seg digitalt. Dei deler videoar, bilder, musikk, info om treningstider og lekser og held kontakten med vener.

- På foreldremøter og andre stader der FUG held foredrag, kjem det ofte spørsmål om nettvett, dataspel og digital mobbing. Særleg er nettmobbing eit tema foreldra bekymrar seg for. Og dei er usikre på kva barna eigentleg held på med i den digitale verda, seier nestleiar i FUG, Christian Hellevang.

Barn i sosiale medier

Tryggleik

Den nye rettleiaren som no ligg føre er laga av Trygg Bruk-nettverket i Medietilsynet, der FUG og ei rekkje andre offentlege og private organisasjonar er med. Christian Hellevang sit i styret.

- Yngre barn treng meir støtte og kontroll frå voksne enn eldre barn om korleis sosiale media fungerer og kva som er lurt og ikkje lurt å gjere og seie. Dei veit ikkje alltid konsekvensane av handlingane sine, seier Hellevang.

Rettleiaren inneheld informasjon om til dømes aldersgrenser, brukartryggleik og personvern, sosiale speleregler og ansvarleg nettbruk.

Christian Hellevang med foreldrerettleiar

Snakke saman

- For dei eldre barna, er det vel nesten slik at dei må lære foreldra om stadig nye trendar og plattformar og korleis dei virker. Foreldra må nytte høvet til å høyre etter og lære, samstundes som dei spør om kvardagen på nett. Og sjølvsagt må dei diskutere reglar og tidsbruk med barna.

- Det er lurt av foreldre å  være nysgjerrige og spørje. Høyr korleis barnet ditt har hatt det på nett i dag, ikkje bare på skulen. Og om dei fortel om mobbing mot seg sjølv eller andre, eller anna ulovleg atferd, må ein hjelpe dei eller be andre om hjelp til å stoppe dette.

- Det viktigaste er at barna og dei unge har ein god og åpen dialog med foreldra, også om det digitale livet. Foreldra må ikkje dømme om dei unge gjer noko dumt, men i staden rettleie dei. Og dei vaksne må feie for eiga dør når det gjeld korleis ein oppfører seg digitalt. Foreldre må vere gode rollemodellar, sier Hellevang.

Her er rettleiaren i pdf.  Den elektroniske er høgre oppe i artikkelen.

Her er meir info om nettvett

Her er meir info om digital mobbing