Materiellet er for foreldre, lærarar, skuleleiarar og FAU-leiarar. Målet å auke engasjementet for elevane sitt læringsmiljø og styrkje samarbeidet mellom heim og skule.

Forskning viser at med auka engasjement frå foreldra vil elevane gjere det betre på skulen.

Gunn Iren Müller med 40 års-plakat
Gunn Iren Müller med 40 års-plakat

Auka kunnskap

- FUG arbeider for at alle foreldre skal få auka kunnskap om korleis dei kan bidra i barna si læring og vere ein ressurs for skulen. Skulen må sørge for gode prosessar og informasjon rundt dette. Målet er at alle foreldre kan medverke, seier FUG-leiar Gunn Iren Müller.

Ho legg til:

- Ei aktiv foreldregruppe gjer arbeidet for skulen lettare, både når det gjeld den enkelte eleven og skulemiljøet generelt.
 
SKAP dialog inneheld brev til FAU leiar og rektor, brev til kontaktlærar, og klassesett av ”Velkommen til skulen” (finst på fleire språk på fug.no), Læringsplakaten og eit jubileumsark om FUG 40 år.

To jenter fra ulike kulturer i klassen
(Foto: Colourbox)

Nyankomne

FUG voner at alle foreldre, og spesielt dei tillitsvalde foreldra, kan bidra til å inkludere nye inn i foreldresamhaldet og heim-skule-systemet.

FAU skal jobbe for eit godt skulemiljø for alle. Det inneber mellom anna at FAU skal bidra til gode haldningar i elev- og foreldregruppa. Foreldra er dei viktigaste rettleiarane for borna sine. Det gjeld og utvikling av toleranse og vennskap.

- Barn knekker nye kodar lettare enn vaksne. I ein del land er det vanleg med klåre skiljer mellom heim og skule som institusjonar. Dette kan gi nye utfordringer til både lærarar og foreldre, seier Müller.

Meir informasjon om korleis ein forbereder seg på å ta i mot nyankomne barn på skolen og i barnehagen kan du finne hjå Utdanningsdirektoratet.

Læringsplakaten forside
Læringsplakaten forside