Beredsakspteam runde 2 Sogn
Gruppa frå Flora kommune

- Når det oppstår ein mobbesituasjon er rektor både etterforskar, dommar og tiltalt på same tid, seier oppvekstfagleg rådgjevar Tone Aasrod frå Flora kommune.

Ho deltok på samlinga i Sogn, og utsegnet hennar viser kvifor kommunen ser nytta av eit beredskapsteam.

Beredskapsteama skal inn i dei sakene der foreldre og elevar ikkje har tillit til at verken skulen eller kommunen/fylkeskommunen kan eller vil gjere noko.

Det skal og være eit tilbod til skular som opplev at dei ikkje har naudsynt kompetanse og kapasitet til å løyse mobbesaker. Teama skal ikkje overta mobbesakene frå skulane, men bidra til ei løysing.

Beredskapsteam Sogn plenum

Ikkje til hinder

I 2012 starta FUG og KS eit pilotprosjekt i dei fire kommunane Råde, Sarpsborg, Kristiansand og Eigersund og evalueringa kan du lese her. Kunnskapsdepartementet har finansiert prosjektet.

Eit beredskapsteam mot mobbing skal i utgangspunktet ikkje koste pengar og det skal ikkje ansetjast nye medarbeidarar. Poenget er å bruke fagfolk som allereie jobbar i ulike etatar i kommunen.

Men det fins i dag ulike lovverk innan dei ulike etatane som må samarbeide. Olav Molven frå Diakonhjemmets høgskule var difor invitert til å snakke om kvifor det er naudsynt å kjenne til kvarandre sitt lovverk.

- Loverket hindrar ikkje eit samarbeid om barn, men ein må fylgje prosedyrane, sa han mellom anna.

Elisabeth blå kjole og skjerf

Viktig vidareføring

- Vi er veldig glade for at prosjektet kan videreførast takka være statlege midlar, seier FUG-leiaren.

- Vi har sett at beredskapsteama kan finne løysingar som fungerer når alt anna er prøvd og familier som opplever mobbing ikkje ser nokon utvei, seier Gundersen.

Fleire andre regionar og kommunar vil og være med i denne nye runden. Det er Råde kommune, ein av dei fire kommunane som var med i oppstarten, som nå blir sekretariatet for prosjektet.