Elever rekker opp hender
(Foto: Colourbox)

- Dette er eit resultat av god og systematisk satsing over lang tid ute i skulane, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i sin kommentar.

Forskar Marit Kjærnsli frå Universitetet i Oslo la fram hovudfunna frå PISA-rapporten 2015 dei har kalla ”Stø kurs”. PISA måler kompetansane til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag og blir gjennomført kvart tredje år. Naturfag er hovudområde i PISA 2015. Sist det var i fokus var i 2006.

510 000 elevar frå 65 land er med i PISA. Frå Noreg deltek om lag 4700 elever frå 198 skular. Undersøkinga gir også informasjon om andre forhold ved skulen, til dømes om elevane sine interesser og haldningar til faget og deira oppfatningar om skulemiljøet.

Framleis gjer dei finske elevane det best i dei tre faga, men landet har samstundes ein jamn tilbakegang på alle områda. Noreg er det landet som samla sett gjer størst framsteg.

I naturfag presterer elevane i Finland, Estland og Canada best, medan Noreg gjer det betre enn OECD-snittet saman med mellom anna Danmark og Sverige. Marit Kjærnsli kallar det ein positiv, oppadgåande trend sidan forrige naturfag-måling i 2006.

Far hjelper til med lekser
(Foto: Colourbox)

Norsk 7. plass i lesing

I matematikk ligg Noreg over OECD-snittet, og det er blitt færre elevar på dei lågaste nivåa sidan 2013, då matte sist var i hovudfokus.

I lesing ligg Noreg langt over snittet og har greid å kapre 7. plassen i lesing.

-  Aldri før har vi sett Norge så høgt, sjølv om rangeringa ikkje har så mykje å seie i seg sjølv, seier Marit Kjærnsli. Sist lesing var hovedfokusområdet var i 2009.

Sida den gong har og fleire elevar prestert på eit høgt lesenivå, medan like mange er på dei lågaste nivåa. - Dette er framleis ei utfordring for norsk skule, seier Kjærnsli.

Skilnader

I lesing er det framleis langt fleire gutar på dei lågaste nivåa enn jenter. I matematikk og naturfag gjer dei norske gutane det litt betre enn jentene, men kjønnsskilnadene er samanlikna med dei andre nordiske landa.

Island, Finland og Noreg har minst skilnader mellom skular samalikna med resten av OECD. 

Minoritetselevar fødd i Noreg presterer på OECD-snittet i lesing, som er positivt samanlikna med andre land. Og sjølv om dei ligg under snittet i realfaga, gjer dei det framleis betre enn i dei fleiste andre land.

Andelen elevar som trur dei jobbar i eit realfagleg yrke når dei er 30 år, har auka frå 20 til 29 % frå 2009 til 2015. Gutane rapporterer om størst interesse for, og trur dei har mest nytte av, naturfag. 

Bråk og uro går ned siden forrige PISA i 2013, då dette var et betydeleg problem

Kunnskapsminister T. Røe Isaksen FUG 40 år
(Foto: FUG)

- På riktig veg

- PISA er ikkje VM i skule. Det vi måler her, seier ikkje alt om skulen. Mykje anna er viktig for eleven, som skulemiljø og vener. Men vi får vite meir, det kompletterer biletet og vi anar ein trend, seier kunnskapsministeren.

Han er særleg nøgd med at Noreg for aller fyrste gong scorer over snittet i alle faga, og er det landet som har størst framgang sidan 2013-målinga. 

- PISA denne gongen byggjer opp under eit inntrykk av at vi er på riktig veg. Anna statistikk seier det same. Og det er mindre bråk og uro og meir tid til læring.

Foreldre og barn på nettbrett
(Foto: Colourbox)

Lesing ein kjerne

Han meiner det likevel gjenstår ei stor utfordring, som er å få gutane og dei på lågaste nivåa til å bli betre i lesing. 22 % av gutane mot 9 % av jentene ligg på dei lågaste nivåa.

- Lesing er ein kjerne! Om ein ikkje beherskar dette, er det svært mykje anna som blir vanskeleg i framtida. Du må kunne lese for å forstå informasjon og for sjølv å kunne informere, seier ministeren.

Han meier Noreg og kan får til den same framgangen i realfaga som vi har i lesing.

- I 2013 sa eg at vi hadde eit realfagsproblem. Då var trenden negativt. No er eg meir optimistisk.

- Eg er overtydd om at det er Kunnskapsløftet som er utslagsgjevande for det vi no ser. Det er ei styrkje at vi har greidd å halde fast ved dette. Det gir resultat over tid, og vi har ikkje tenkt å endre på noko. Det trengs kun ei oppussing, slutta kunnskapministeren.

Urovekkjande om einsemd

Funn som forskarane vil sjå nærmare på, er ein urovekkjande negativ trend som gjeld elevane si kjensle av einsemd og å være utanfor på skulen.

Omlag ein av fem elevar svarer at dei kjenner seg annleis og ikkje passar inn på skulen. Dette utgjer ei auke frå 9 % i 2003 til 17 % i 2015. Dobbelt så mange elevar (14 %) svarer at dei føler seg einsame på skulen nå samanlikna med i 2003 (7 %). Det same gjeld dei som opplever å bli haldne utenfor.

- Dette er urovekkjande tal som vi er glade for at vil bli fulgt opp i ein eigen rapport til våren. Vi veit at trivsel og ein god relasjon til læraren og medelevane kan bidra til å hindre fråfall, seier FUG-leiar Gunn Iren Müller.

Sjå kapitlet om skolens læringsmiljø i PISA-rapporten 2015 her.

Sjå kommentaren frå Aftenpostens Helene Skjeggestad her.