FUG- og FUB-leder knytter vennskapsbånd_2012

Også i år har partnerane i Manifest mot mobbing invitert alle kommunane i landet til å være med på å markere kampanjen.

- Vi håper at kampanjen skal støtte og styrkje det gode og viktige arbeidet som allereie skjer mot mobbing, diskriminering og krenking rundt omkring i kommunane, seier dei ni som har skrive under manifestet. Foreldreutvala for grunnopplæringa (FUG) og for barnehagar (FUB) er to av dei.

Rollemodellar

- Det er mykje vi vaksne kan gjere saman for at våre eigne og andre sine barn skal unngå mobbing. Vi må snakke saman og finne ut kva som skal til for at alle får seg nokon å leike eller være saman med. Vennskap kan bidra til å hindre utestenging og mobbing, seier FUB-leiar Lena Jensen.

- Kanskje skal vi ha fellesaktiviteter i nabolaget eller på skulen? Kanskje må vi tenke nytt når barna våre skal på tur eller inviterer til fest? Vi vaksne må være gode rollemodellar i alt vi seier og gjer. Og vi må være rause og inkluderandre i møte med andre. Det handlar om haldningar, seier FUG-leiar Christopher Beckham.

Dei oppmoder både foreldre og tilsette i barnehagar og skular til å sette fokus på vennskap i kampanjeveka 2. – 6. september. I fjor vart dagen market med ei rekkje aktivitetar, som å stå eller gå i vennskapsring rundt skulen og barnehagen eller å lage vennskapsband i ulike fargar og fasongar.

MMM-logo2013_nynorsk

På tvers

- Skal vi stoppe mobbinga, må vaksne samarbeide på tvers av institusjonar og sektorar. Vi må jobbe for eit inkluderande miljø der det er plass til alle, meiner arrangørane.

Jensen og Beckham minner om at FUB og FUG i fjor lagde eit opplegg til foreldremøte med temaet vennskap. Det er like aktuelt i år. Her fins det tips som foreldra kan diskutere; fra bursdagsinvitasjonar og følgegrupper til ulike leiker og arrangement.
 

Sosiale media

Til opninga av årets kampanjeveke 2. september kjem alle dei ni som har signert Manifest mot mobbing (2011 – 2014) til Kampen skule i Oslo. Elevane sjølv vil få ei sentral rolle, og det blir premiere på filmen som er laga spesielt for i år.

Her kan du sjå den flotte filmen som blei laga i fjor.

Manifest mot mobbing-kampanjen har sin eigen nettstad hos Utdanningsdirektoratet, og du kan og følgje den på Facebook og Twitter. Her vert gode tips og tiltak fra heile landet lagd ut etterkvar.
 

Bildet er av ei gruppe ungdommer hvor ei jente står utenfor

- Sei i frå!

- Det skjer mykje godt arbeid mot mobbing i barnehagar, skular og heime. Media har og vore flinke til å sette mobbing på dagsorden. Men dessverre har ikkje mobbetala gått ned. Det er like mange som føler seg utsette for mobbing i skulen nå som for 10 år sidan, og det er urovekkjande, seier FUG-leiar Beckham.

Mobbing kan starte allereie i barnehagen. Det viktigaste vi vaksne kan gjere, inkludert foreldra, er å hjelpe til med at alle dei små får seg ein god venn, sier FUB-leiar Lena Jensen.

Dei to oppmoder alle foreldre til å være vakne: - Gi beskjed hvis du oppdager mobbing, ta initiativ til at mobbing kjem høgt på dagsorden i foreldremøter og i FAU, og sjekk at arbeidet med eit godt psykososialt miljø vert  teke på alvor, sier dei.