Samarbeidet mellom heim og skule står sentralt i Kunnskapsløftet
Skulen skal leggje opplæringa til rette slik at alle elevar kan oppleve gleda ved å meistre og ved å nå måla sine. Samarbeidet med heimen er eitt av verkemidla for å oppnå det.
Prinsipp for opplæringa
Del II av Kunnskapsløftet blir kalla Prinsipp for opplæringa. Der står det at samarbeidet med heimen er eit viktig verkemiddel for å nå måla i Kunnskapsløftet. Det er skulen som skal ta initiativ og leggje til rette for samarbeidet, men foreldra og skulen har eit innbyrdes ansvar for å følgje opp.
I Prinsipp for opplæringa er det eit eige avsnitt om samarbeid med heimen. Her blir det understreka kor viktige foreldra er for motivasjonen og læringsutbytet til elevane. Foreldra skal ha eit reelt høve til å påverke læringsarbeidet til sine eigne barn, både fagleg og sosialt. Heimen skal få informasjon om korleis foreldra kan bidra til å fremje måloppnåinga til elevane. Det står vidare at foreldra skal kunne delta i reelle drøftingar om utviklinga av skulen.
Foreldra må stille spørsmål
Det er viktig at foreldra er klar over desse formuleringane og følgjer opp i samarbeidet med skulen. Det må bli meir enn fine ord! Saman må heim og skule leggje ein plan for korleis foreldra kan støtte opp om læringa og utviklinga til elevane og bidra i læringsarbeidet. FUG oppfordrar foreldra til å ta opp desse temaa på foreldremøte og i foreldresamtalar.

Kunnskapsløftet forpliktar
Del II i Kunnskapsløftet handlar òg om andre viktige prinsipp for opplæringa, til dømes tilpassa opplæring, læringsstrategiar og motivasjon for læring, utvikling av sosial og kulturell kompetanse, elevmedverknad og kompetansen og rolla til lærarane.

Læringsplakaten med elleve punkt som skulen er forplikta til å følgje, er òg ein del av Prinsipp for opplæringa. Punkt 10 lyder: Skolen skal legge til rette for samarbeid med hjemmet og sikre foreldres/foresattes medansvar i skolen.