En nettressurs for
foreldre med barn i skolen

Skjult mobbing

Direkte mobbing kan vere både fysisk og verbal, og den er som regel lett å oppdage. Den skjulte mobbinga derimot, går føre seg på utspekulerte måtar som gjer den særs vanskeleg å oppdage. Det kan til dømes vere utestenging, blikk, baksnakking, rykte og sms-meldingar.


Korleis oppdage skjult mobbing?
Senter for atferdsforskning ved Universitetet i Stavanger (SAF) meiner at lærarar kan for lite om skjult mobbing. No er det utvikla ein ny metode for å avdekkje skjult mobbing i norsk skule. - Skjult mobbing er vanskeleg å oppdage, men ikkje umogleg å avdekkje, seier stipendiat Tove Flack. Den kan gå føre seg rett under nasen på lærarar og foreldre. For å oppdage den, må ein vite kva ein skal sjå etter.

Det er mange umerkelege måtar ein kan vise medelevar at dei ikkje er noko verd på. Ein snur seg vekk når mobbeofferet kjem, ein svarar eit "hei" med eit hånleg blikk, flyttar jakka viss den heng ved sida av mobbeofferet si jakke eller får med seg medelevar på å ekskludere frå fellesskapet. Små drypp av negative signal er vanskeleg for foreldre og lærarar å oppdage, men det kan vere skjebnesvangert for den som opplever det. Det er lett å bagatellisere skjult mobbing fordi den er så vanskeleg å oppdage.

Foreldre kan vere med på å få slutt på mobbinga
Har nokon mistanke om skjult mobbing, må skolen observere og gjennomføre elevsamtalar med alle elevar i klassen. Då vil det vere mogleg å følgje opp og få stopp på mobbinga. SAF har utarbeidd verktøy for korleis dette kan gjennomførast.
 
Foreldre er viktige aktørar for å avdekkje, men endå viktigare, for å stanse den skjulte mobbinga. Foreldre høyrer berre eigne barn sine forteljingar. Om dei blir fortalt at deira barn mobbar andre, vil mange protestere. Om skulen kan fortelje kva som har skjedd og dokumentera det, har SAF erfaring med at foreldre er gode samarbeidspartar og er villige til å vere med på å få slutt på mobbinga.
 
– Det som er viktig når det gjeld all type mobbing, er at dei som mobbar får klar beskjed frå skulen om kva som er akseptert og kva som ikkje er det, og at det forventast at dei gjer ting annleis i framtida, seier Tove Flack.

 

Share on Facebook Add to Twitter Tip a friendTips en venn Printer friendlySkriv ut