Skjult mobbing
Korleis oppdage skjult mobbing?
Senter for atferdsforskning ved Universitetet i Stavanger (SAF) meiner at lærarar kan for lite om skjult mobbing. No er det utvikla ein ny metode for å avdekkje skjult mobbing i norsk skule. - Skjult mobbing er vanskeleg å oppdage, men ikkje umogleg å avdekkje, seier stipendiat Tove Flack. Den kan gå føre seg rett under nasen på lærarar og foreldre. For å oppdage den, må ein vite kva ein skal sjå etter.
Det er mange umerkelege måtar ein kan vise medelevar at dei ikkje er noko verd på. Ein snur seg vekk når mobbeofferet kjem, ein svarar eit "hei" med eit hånleg blikk, flyttar jakka viss den heng ved sida av mobbeofferet si jakke eller får med seg medelevar på å ekskludere frå fellesskapet. Små drypp av negative signal er vanskeleg for foreldre og lærarar å oppdage, men det kan vere skjebnesvangert for den som opplever det. Det er lett å bagatellisere skjult mobbing fordi den er så vanskeleg å oppdage.
For første gang i Norge ble en kommune 1. februar 2012 dømt i Høyesterett for ikke å ha grepet inn i en årelang mobbesak mot en elev. Dommen er et godt eksempel på det ansvaret skolen har for å forebygge, avdekke og gripe inn i mobbesaker. Se nettsaken med dommen her.




