Svar:

Ja, det kan du, og det er viktig at du gjer det. Det er du som kjenner han best, og du ser han i andre situasjonar enn læraren gjer. Du veit kva erfaringar han har, og kva han liker å halde på med. Kunnskapen din er derfor svært viktig for læraren, så skriv en e-post eller ta en telefon til kontaktlæraren til sonen din.

Eit godt og trygt samarbeid mellom heimen og skulen er alltid nyttig – og det er særleg viktig når barnet strevar. I tillegg kan sonen din ha krav på spesialundervisning.

Sjølv om sonen din strevar med lesing, treng det ikkje å tyde at han har dysleksi. Men det kan likevel vere eit nyttig tips å sjå på heimesida til Dysleksi Norge.

Les mer om spesialundervisning