Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Støtt barnet ditt heime

Det kan vere mange ting barna treng hjelp og støtte til heime. Lekser kan vere ein av dei. Det er ikkje meininga at vi som foreldre skal kunne alt det faglege barna våre held på med på skulen. Lærarane skal undervise barna og sørgje for at dei finn fram til ny kunnskap. Oppgåva vår som foreldre er å stimulere og motivere. Det gjer vi best ved å vise interesse og stille spørsmål.

Vi kan be barna fortelje oss og forklare kva dei har lært. Ved å setje ord på det dei har lært, hugsar dei det og betre. Leksene skal vere kjent stoff for elevane.

Vi må ha realistiske forventingar til barna. Vi skal krevje at dei skal gjere sitt beste, men vi må ikkje stille så høge krav at dei blir motlause. Å oppleve meistring er viktig for at dei skal arbeide vidare og lære meir. Forventingane vi har til barna våre, og det at vi støttar og rettleier dei i skulearbeidet, er viktigare enn dei fleste er klar over.

Leksehjelp

Frå og med august 2014 blei alle kommunane pålagt å ha 8 timar leksehjelp kvar veke i grunnskulen, (jfr. Opplæringslova § 13-7a). Dei åtte timane kan fordelast på alle årstrinn, og det er opp til kommunen å avgjere korleis dei vil organisere leksehjelpa. Leksehjelpa skal vere gratis, elevane skal ha rett til å delta på leksehjelptilbodet, og det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta, (jfr. forskrift til opplæringslova § 1A-1).

Det er viktig at leksehjelpa heng saman med det som skjer i skulen. Leksehjelpa skal gi elevane ei kjensle av meistring, og ikkje det motsatte. Målet er å gi elevane støtte og hjelp i læringsarbeidet, slik at dei lukkas med dei oppgåvene dei gjer på skulen. Leksehjelpa skal altså sjåast i samanheng med opplæringa, men ho skal ikkje vere ein del av opplæringa til eleven. 

Det er kommunen, i praksis ofte rektor, som vel korleis leksehjelpa skal organiserast, og dei pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og om det tilbodet som gis. FUG har lenge meint at det er viktigare med leksehjelsptilbod på høgare trinn, for det er her foreldra strever med å gi hjelp. FAU må gjerne ha ein dialog med skulen i korleis dei ynskjer at dei 8 timane med leksehjelp skal organiserast.

På leksehjelpa gjeld òg retten til eit godt psykososialt miljø på same måte som elles i skuledagen, dvs at eleven skal oppleve eit miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Kommunen skal ha tilsyn med elevane i leksehjelpa. Det er ikkje sagt noko om storleiken på gruppa, anna enn at ho ikkje må vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.

Dersom elevane gjer leksene på skulen, kan dei få betre tid til andre gjeremål heime. For å motivere borna er det viktig at vi som foreldre held fram med å vise interesse for kva dei har lært på skulen.

Lesing

Foreldre kan gi leseglede! Det finst mange måtar å gjere det på:

  • Vi kan lese eller lytte til bøker.
  • Vi kan snakke saman.
  • Vi kan fortelje kvarandre historier, vitsar og gåter.
  • Vi kan leike med språk og bokstavar.
  • Vi kan vise barna våre at lesing er ein aktivitet som er til glede og nytte, og at det er både gøy, spennande og fint å lese saman.

Matematikk

Uansett kva erfaring vi sjølve har med matematikk, kan vi gjere mykje for å hjelpe barna i skulearbeidet.

  • Vi kan støtte og oppmuntre dei og dermed vise at matematikk er eit viktig fag.
  • Vi kan ”jakte på matematikk” i kvardagen.
  • Vi kan hjelpe til med leksene.
  • Vi kan spele spel, leike eller liknande.
  • Vi kan be barna fortelje kva dei har lært, og forklare oss vaksne kva aktuelle omgrep betyr.

Se mange gode tips her.

Se mange gode mattetips og ressurser fra Kunnskapsdepartementet her.

Sjekk og lenkja i venstremagen.

Digital kompetanse

Digitale verktøy er hjelpemiddel både i undervisninga og i samarbeidet mellom heimen og skulen. Ulike kommunikasjonsverktøy er i bruk både heime og på skulen; dei aller fleste barn og unge er godt kjende med data og Internett. Undersøkingar viser at foreldra veit lite om korleis barna bruker Internett. Både vaksne og barn må lære om trygg nettbruk. Nettryggleik må derfor setjast opp som tema på foreldremøte.

Film

FUG har vore med å lage filmar om samarbeid mellom heimen og skulen. Filmane viser gode, praktiske døme på heim-skule-samarbeid både i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Filmane er eit hjelpemiddel til både foreldra, lærarane og skuleleiinga i heile grunnopplæringa. Dei er dessutan eit konkret verktøy for lærarutdanninga når lærarstudentar skal førebu seg til heim-skule-samarbeidet.

Sjå filmen om Foreldrestøtten i hjemmet.