Gunn Iren Müller svart topp

- Det er ei ofte brukt historie: alle foreldra som sit og ser brydd ned i golvet kvar gong det er val av foreldrerepresentantar. Eigentleg trur eg det er ei myte. For det er mange som vil og kan, berre dei får eit lite dytt eller tenkjer seg om, seier FUG-leiar Gunn Iren Müller.

Mor i samtale
(Foto: Colourbox)

Påverke direkte

- Dagens foreldre både veit og vil mykje for borna sine. Det skulle jo berre mangel: at vi ikkje vil det aller beste for borna våre. Korleis dei trivest og lærer på skulen betyr mykje både for livet deira no og i framtida, seier ho.

Og foreldra som veit og vil mykje, ytrar seg gjerne til andre. Det kan være til naboen, slekt, vener og i media og sosiale media.

- Det er vel og bra det, men kvifor ikkje bruke energien på skulen der barna går? Sei ja til å sitje i skulen sitt FAU, Samarbeidsutval (SU), Skulemiljøutval (SMU) eller bli klassekontakt? Slik kan du direkte påverke situasjonen, peikar Müller på.

Pappa og sønn ved pc
(Foto: Colourbox)

Skulen si plikt

Mange vert overraska når dei ser kor mykje positivt dei kan få utretta for skulen i eit FAU eller SU. Betingelsen er sjølvsagt at dei fungerer godt.

Skulen og rektor har plikt til å sikra at skulen sine råd og utval finst, og gi opplæring av foreldra. Ikkje alle foreldre veit nok om korleis dei skal jobbe og kor mykje dei kan bry seg om skuledrifta og miljøet, sier FUG-leiaren.

Du kan lese her om kva oppgåver foreldra kan jobbe med i dei ulike verva på skulen.

FUG-leiaren si erfaring er at det skjer mykje bra samarbeid mellom heim og skule. Det er god dialog jevnt over mellom skuleleiinga, lærarar og foreldra.

- Men alle, og foreldra, har plikt til å bidra til eit godt og konstruktivt samarbeid, seier ho.

Fedre engasjerer seg
(Foto: Snøballfilm)

Ein sosial arena

Det at foreldra kjenner kvarandre, har ein verdi i seg sjølv. Eit foreldremøta kan nyttast til å spørje om siste nytt frå andre foreldre, ta initiativ til ein fest eller tur, snakke om felles køyring, festreglar og nettvett.

- Mange foreldre tek på seg å være klassekontaktar, eller melder seg til dugnad, organisering av turar og natteramning. Det er og svært viktig i arbeidet med eit godt miljø i og rundt klassen. Og mange erfarer at det er moro!

-  Alle foreldre kan bidra til eit godt skule- og klassemiljø, men nokon treng kan hende ei ekstra oppmuntring for å våge. Det kan vere du som gir den ekstra oppmuntringa – hvis du ikkje tek på deg oppgåva sjølve! Foreldre sitt egasjement tel mykje, seier Gunn Iren Müller.

Finn gode hjem-skoleeksempler her.