Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Teieplikt i skulen

Teieplikta gjeld i skulesamanheng personlege forhold og omfattar opplysningar både om elevar, foreldra, personalet på skulen og heimeforholda deira.

Opplæringslova § 15-1 slår fast at forvaltingslova § 13-13e om teieplikt gjeld for skulen og for alle som kjem i kontakt med opplysningar i samband med arbeid eller teneste. Teieplikta gjeld både for dei tilsette i skulen og for medlemmer av utval og råd, som samarbeidsutvalet og FAU. Teieplikta gjeld ikkje dersom det er foreldra og ikkje skulen som er arrangør.

Elevrepresentantane i samarbeidsutvalet skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikta, blir behandla i samarbeidsutvalet (opplæringslova § 11-1). Dersom elevrepresentantar, til dømes i elevrådet, likevel får opplysningar som er omfatta av teieplikta, har dei òg teieplikt.

Teieplikta inneber at det ikkje er høve til å gi sensitive personopplysningar om ein elev til andre enn dei som har bruk for dei. Dei tilsette i skulen kan få tilgang til nødvendige opplysningar som dei treng for å kunne gi den enkelte eleven eit best mogleg tilpassa opplæringstilbod. Alle må kunne ha tillit til at desse opplysningane er sikra mot lekkasje, slik at uvedkommande ikkje får tilgang til desse personopplysningane.

Foreldra kan velje å gi informasjon om sjukdom hos eleven eller om andre forhold til andre foreldre og elevar i klassen. Det kan dei gjere fordi dei meiner at det gjer situasjonen for eleven betre. Men utan løyve frå foreldra kan ikkje skulen gi slik informasjon.

Teieplikta gjeld i skulesamanheng personlege forhold og omfattar opplysningar både om elevane, foreldra, personalet på skulen og familiane deira. Til dømes vil det gjelde opplysningar om slektskaps-, familie- og heimeforholda til ein elev. Opplysningar om at ein elev og familien har ei sak gåande med barnevernet, er omfatta av teieplikta. At ein elev eller familien får sosialhjelp, og opplysningar om fysiske eller psykiske problem av ein eller annan art, er andre døme.

I utgangspunktet skal ikkje FAU ta opp saker som er teiepliktige, men dersom dei får denne typen informasjon, er det viktig at dei ikkje bringar han vidare. Nokre skular ønskjer at dei tillitsvalde foreldra skal signere på ei teieerklæring.

FUG meiner at det bør stå i FAU-vedtektene at medlemmene har teieplikt. Om ein signerer eller ikkje, må kvar skule / kvart FAU ta stilling til. Det viktigaste er at dei tillitsvalde foreldra og foreldre som er med på turar og andre arrangement, blir skolerte og gjorde merksame på at dei har teieplikt.