Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Tilpassa opplæring for alle elevar

Kunnskapsløftet legg til grunn at undervisninga skal tilpassast føresetnadene og nivået til den enkelte eleven. Fordi elevane er ulike, må dei få ulike utfordringar. Alle elevar skal få oppgåver som gir dei sjansen til å lære, meistre og utvikle seg. Retten til tilpassa opplæring gjeld òg for elevar som treng ekstra utfordringar fordi dei allereie kan det som klassen skal lære.

Kva er tilpassa opplæring? Utdanningsdirektoratet har laga ei fin oversikt over dette. Sjå meir informasjon om tilpassa opplæring på heimesida deira.

Det kan vere krevjande for lærarane å lukkast med tilpassa opplæring for alle elevane. Heilt grunnleggjande er det at dei vaksne på skulen viser aksept for at elevane er ulike og at dei har ulike behov. Det er mange element som spelar inn på tilpassa opplæring, mellom anna skulekulturen, relasjonen mellom lærar og elev, relasjonen mellom elevane, kompetansen til lærarane, undervisninga, samarbeidet mellom heim og skule, motivasjonen til eleven, klassestorleik. En god dialog mellom heim og skule om kva eleven kan og er interessert i er ein god start i dette arbeidet.

Tilpassa opplæring er ein rett

Tilpassa opplæring er ikkje noko nytt i norsk skule, men det blir lagt sterkare vekt på enn nokon gong i Kunnskapsløftet. Prinsippet om tilpassa opplæring er understreka både i opplæringslova og i læreplanverket.

  • Opplæringslova § 1-3: ”Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten.”
  • Generell del av læreplanverket, under avsnittet ”Tilpasset opplæring”: ”Undervisningen må tilpasses ikke bare fag og stoff, men også alderstrinn og utviklingsnivå, den enkelte elev og den sammensatte klasse.”
  • Del II av læreplanverket Prinsipp for opplæringa, i Læringsplakaten: ”Skolen og lærebedriften skal fremme tilpasset opplæring og varierte arbeidsmåter”.
Tilpassa opplæring er ikkje det same som spesialundervisning. Alle elevar skal få tilpassa opplæring, men berre dei som ikkje har tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa på skulen, skal få spesialundervisning. Snakk med kontaktlæraren dersom du mistenker at barnet ditt ikkje lærer nok.

Foreldra må bidra

I konferansetimen/utviklingssamtalen kan foreldra gi læraren utfyllande informasjon om barnet sitt. Læraren og foreldra skal samarbeide om eleven si læring og utvikling.