Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Tre viktige bodskap til politikarane før valet

I dag har FUG sendt brev til alle dei politiske partia med tre viktige bodskap før Stortingsvalet. I botn ligg målet om lågare fråfall og auka trivsel og læring for alle elevar. Da må skulen trekkja foreldra meir med.

Gunn Iren Müller mai 2017
Gunn Iren Müller Foto: FUG

- For det fyrste meiner vi at skulane treng auka medvit om ansvaret dei har for å fortelje foreldra kor viktige dei er - for barna sine og for skulen, seier FUG-leiar Gunn Iren Müller.

Forskning viser at når foreldra engasjerer seg og samarbeider godt med skulen, gjer elevane det betre både fagleg og sosialt.

FUG meiner at skulen må nytta foreldra betre som støttespelarar. Både leiinga og dei tilsette på skulen må få auka kompetanse på korleis dette samarbeidet skal skje til beste for elevane.

FUG ynskjer eigne lærarspesialistar som er gode på heim-skule-samarbeid

Tilpassa opplæring

Alle elevar har rett til tilpassa opplæring. Det fordrar at læraren ser den einskilde elev og tilpassar undervisninga. Alle elevar skal ha høve til å få vist fram sitt potensial.

FUG meiner at alle elevar vil ha nytte av betre skulefaglege verktøy for tilpassa opplæring.

Når eleven ikkje har utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven krav på spesialundervisning. For desse elevane er heim-skule- samarbeidet ekstra viktig.

FUG meiner at lærarane må få meir tid til kvar einskild elev og foreldra deira. Foreldra kjenner sine barn best og må lyttast til i større grad.

Både rapporten frå Barneombodet og Felles Nasjonalt Tilsyn syner at dette ikkje alltid er tilfelle. Omlag 50 % av foreldra med barn som har spesialundervisning vart ikkje spurd før vedtak vart fatta.

Ensom tenåringsjente - to jenter i bakgrunnen
(Foto: Colourbox)

Mobbefri sone

Barna våre skal ha det bra på skulen. Skulen skal sørgje for at miljøet fremjer helse, trivsel og læring.

- Skulen skal være mobbefri! For å lukkast med det, er skulen og foreldra nøydde til å samarbeide. Foreldra er medspelarar og må, saman med skulen, ta ansvar og arbeide for eit best mogleg læringsmiljø, seier FUG-leiaren.

-  Foreldra kan og bidra ved å verta kjende med dei andre foreldra og ta initiativ til sosiale aktiviteter for vaksne og barna. Det skapar gode relasjoner og er positivt for skulemiljøet, seier ho.

Omlag halvparten av dei ca 450 som kontakta FUG i 2016 hadde spørsmål om læringsmiljø.

Les brevet frå FUG til dei politiske partia her.