Visning: A A A A A
Language Language Language

Utdanningsval (tidlegare programfag til val)

Utdanningsval er obligatorisk på ungdomstrinnet frå skuleåret 2008–2009. Faget skal bidra til å knyte grunnskulen og den vidaregåande opplæringa betre saman. Opplæringa skal gi elevane erfaring med innhald og arbeidsmåtar i ulike utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.

Å få prøve ut interesser og bli bevisste på eigne evner og anlegg kan gi eit betre grunnlag for vala elevane skal ta. Utprøvinga kan skje både i skulen og i arbeidslivet.

Faget utdanningsval på ungdomstrinnet er innført mellom anna for å gi elevane ”smakebitar” frå dei ulike utdanningsprogramma i den vidaregåande opplæringa og for å gi dei høve til å ta fag frå den vidaregåande opplæringa. Elevane skal prøve ut minst to utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Ordninga inneber eit samarbeid mellom grunnskular og vidaregåande skular, både på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.
Faget skal bidra til at fleire elevar lærer meir og fullfører og består det 13-årige opplæringsløpet. Utdanningsval skal gi elevane sjansen til praktisk aktivitet og fordjuping i fag. Faget skal bidra til å auke forståinga av kva krav arbeidslivet har til kunnskap og kompetanse. Utdanningsval kan hjelpe elevane i ungdomsskulen til å velje rett utdanningsprogram på vidaregåande. Opplæringa skal leggje til rette for at den enkelte eleven kan få prøve ut og reflektere over vala sine. Myndigheitene er uroa fordi det er stort fråfall frå vidaregåande opplæring og mange som byter utdanningsprogram undervegs. Utdanningsval er eit forsøk på å rette på dette.
Foreldra speler ei viktig rolle når det gjeld kva utdanningsprogram elevane vel i den vidaregåande skulen. Det er derfor viktig at foreldra får god informasjon om utdanningsval, og at dei kan gi barna råd også når det gjeld dette faget i ungdomsskulen. Ein bør ta dette opp i foreldresamtalar og på foreldremøte.
Til saman er det sett av 113 timar à 60 minutt til utdanningsval på heile ungdomstrinnet. Kommunen har ansvar for å fordele timane. Elevane får ikkje karakter, men ”delteke” i faget.