MMM Lena J og Elisabeth SG

Digital mobbing er eit omfattande problem for barn og unge. Med ny teknologi kan krenking skje utan at vaksne merkar det.

- Medan mobbing i klasserommet, skulegarden eller på vegen heim lettare kan verte oppdaga av vaksne, gjeld ikkje det for den digitale mobbinga. Derfor oppmodar vi foreldra til å ”logge seg på” det digitale livet til barna sine, seier leiarane for FUG og FUB.

Følgje med

Lena Jensen (FUB) og Elisabeth Strengen Gundersen (FUG) har begge barn som er aktive i sosiale media. Og dei er det sjølve. Dei ser godt utfordringane og moglegheitene som finst i den digitale kvardagen.

- Foreldre må både følgje med og vere gode forbilete. Måten vi snakkar om andre på, naboar, kollegaer og vener, smittar lett over på barna våre. Utan å tenkje på det, kan vi ha lært dei opp til å tenkje dårleg om andre, sier dei.

Det er tredje året på rad at Manifest mot mobbing-kampanjen har ”Vaksne skaper vennskap” som hovudtema. Men i år er det eit spesielt fokus på korleis vaksne kan spele ei viktig rolle for å hindre mobbing – og fremje vennskap - på nett.

FUG og FUB er blant dei ni aktørar som har skrive under Manifestet 2011 - 15.

Rektor Siv Lande

Godt miljø

Opninga av kampanjen skjer på Bjørnsletta skule i Oslo måndag 1. september, der både elevar, tilsette og partnarar deltek.

I Elevundersøkinga 2013 scora skulen høgt, med heile 98 % som svara at dei ikkje opplever mobbing. Det er eit høgt tal.

- Skulen vår har eit godt miljø der elevane er stolte og nøgde. Alle kjenner alle, og dei tilsette har eit tett og nært forhold til elevane. Vi har eit særleg fokus på vurdering for læring, der elevane skal få løpande melding og rettleiing på det dei gjer, fortel rektor Siv Lande.

Ho trur at denne tette kontakten mellom lærarane og elevane betyr mykje for arbeidet mot mobbing.

MMM Lena Jensen alvorlig

Mobbing i barnehagen?

Både på skulen, i barnehagane, nabolag og på fritida er det viktig å forebyggje mobbing. Den beste beskyttelsen mot mobbing er vennskap, meiner leiarane.

- Eg pleier å seie at det viktigaste med å gå i barnehagen er å skaffe seg ein god venn og greie å behalde han. Har eit barn denne viktige sosiale erfaringa frå tidlege barneår, står ho godt rusta til å møte kvardagen både på skulen og seinare i livet, seier Lena Jensen.

- Forebyggjingen må begynne alt i barnehagen, og da er vennskap den beste medisinen. Det må foreldra og dei tilsette samarbeide om, legg ho til.

MMM logo bokmål

Film og materiell

Manifest mot mobbing-kampanjen har sin eigen nettstad hos Utdanningsdirektoratet. Her fins det gode tips og tiltak som foreldre og tilsette kan bruke for å fremje vennskap på nett.

Du kan og følgje kampanjen på Facebook og Twitter, og det er laga ein sterk og tankevekkjande film som har premiere på 1. september.

MMM samtale Lena og ESG

Krenking

Det skjer mykje godt arbeid mot mobbing i barnehagar, skular og heime. Dessverre er det fortsatt mange barn og unge som fortel at dei blir krenka av andre i barnehagen og på skulen.

Elevundersøkinga 2013 fortel at ein av fem elevar totalt i Noreg opplever jevnlig krenking som negative kommentarar eller å bli halden utanfor. Dette er mange.

- Dette er skremmande og trist! Vi må intensivere arbeidet. Altfor mange barn gler seg ikkje til å gå på skulen eller i barnehagen, og altfor mange blir haldne utanfor og har ikkje nokon å være saman med. I mange høve skjer det ingenting når elevar eller andre varslar om krenking.

- Vi håper og at kampanjen kan vere ein vekkjar for vaksne til å bry seg enda meir. Både enkeltforeldre og kommunane må gå i bresjen og følgje opp. Vi har ein stor jobb å gjere! seier Jensen og Gundersen.

Les meir om mobbing her.