Det er Utdanningsdirektoratet i samarbeid med KS, Utdanningsforbundet, FUG og Elevorganisasjonen som har laga foreldreundersøkinga. Undersøkinga er laga for foreldre og føresette i heile grunnskulen og på vg1. Ho finst på seks språk og er derfor tilgjengeleg for mange. 

Skulane vel sjølve om dei vil gjennomføre foreldreundersøkinga, og det er frivillig for foreldra å svare. Likevel er undersøkinga eit viktig verktøy som foreldra kan bruke til å seie meininga si om skulekvardagen til barna.

Utdanningsdirektoratet tilrår at skulen gir foreldra eitt brukarnamn for kvart barn dei har på skulen, slik at berre éin av foreldra svarer per barn. Det er viktig at skulen informerer heimen godt om korleis dei ønskjer å gjennomføre undersøkinga.

God informasjon - fleire svar

Det er ein fordel om så mange foreldre som mogleg svarer på undersøkinga. Derfor må det vere lett for foreldra å få tilgang til undersøkinga. Skulen bør sende henne ut gjennom fleire kanalar, gjerne med påminningar. 

Mange skular gjennomfører foreldreundersøkinga i samband med utviklingssamtalar eller konferansetimar. Då har dei ei datamaskin tilgjengeleg og gir foreldra eit passord, slik at dei kan logge seg inn før eller etter samtalen. Det kan òg gjerast i fellesskap på eit foreldremøte dersom skulen har mange nok maskiner. 

Elevane kan òg motivere foreldra til å delta. Éin skule delte ut premie til den klassen der høgast prosentdel av foreldra deltok på foreldreundersøkinga. Det auka svarprosenten.

Les meir om Foreldreundersøkinga hos Utdanningsdirektoratet

Korleis skal resultata brukast?

Skulen må ha ein plan for korleis dei skal bruke resultata frå undersøkinga, saman med resultata frå elevundersøkinga og andre undersøkingar.

Tips til FAU og andre råd og utval

FUG oppmodar FAU om å hjelpe til med å motivere foreldra til å delta, diskutere planen for oppfølging saman med skulen og vurdere korleis dei sjølve kan bruke resultata:

  • Gå gjennom spørsmåla i foreldreundersøkinga og kom eventuelt med innspel til skulen om ekstra spørsmål
  • Hjelp skulen med å nå ut til foreldra med informasjon om foreldreundersøkinga for å få fleire foreldre til å delta
  • Gå gjennom elevundersøkinga og foreldreundersøkinga og tilby foreldrerepresentantane å vere med og diskutere oppfølginga​

Les om dette hos Utdanningsdirektoratet