Halloween er her for å bli anten me foreldre likar det eller ei. Sjølv om det blir nok sminkeklin og kliss i fingrar og hår og i år, blir ikkje rammene rundt dei same som før. Dei store Hallovenn-arrangementa som har poppa opp som paddehattar vert avlyst eller i beste fall nedskalert. Å gå knaskande og fulle av knep fra dør til dør, er heller ikkje det tryggaste man gjer, ifølgje helsemyndigheitene. Derfor oppmodar FUG-leiar Marius Chramer folk til å være kreative og ta omsyn til generelle smittevernreglar og særleg lytte til dei lokale smittevernavgjerdene.

- Hos oss er det slik at tiåringen er invitert til samling med gutane i klassen, og alle tar med seg godteri. Dei er del av ein kohort og dermed innanfor smittervernreglane. Det er ikkje alle som er like heldige og kan gjere det på denne måten. Eg vil uansett oppmode foreldre til å snakke saman og planleggje godt. I den grad dei rekk er det òg fint med informasjon frå FAU. Klarar ein å arrangere Halloween innanfor kohorten er det ypparleg, seier han. 

Alle må med 

FUG vert ofte kontakta av foreldre som ber om råd om korleis dei skal gjennomføre Halloween-feiringar eller bursdagar. Chramer maner også her foreldre til å bruke sunn fornuft. 

- Dei vala som foreldre tek har ein tendens til å få uønska effekt, slik at nokon i ei gruppe eller i ein klasse blir haldne utanfor. Tenk difor gjennom kven du inviterer og sørg for at alle får tydeleg beskjed god tid i forvegen. Overlet me alt til barna er det fort at ting blir gløymd. Ein treng heller ikkje leggje opp til eit overdådig opplegg. Sørg for at det er låg terskel for å delta - det viktigaste er samværet og at alle deltek. 

No er det ei veke att til feiringane tek i gang. Nokre smittevernreglar er forskjellige frå stad til stad. Her kjem informasjon frå skulen og kommunen godt med. FUG-leiaren visar og til Folkehelseinstituttets (FHI) eigne Halloween-råd. FHI har blant anna laga eige knask eller knep-råd: 

Knask eller knep er en utendørsaktivitet for barn og unge, og så lenge de følgende smittevernrådene følges, anses smitterisikoen som lav:

  • Både de som ringer på og de som åpner døren må være friske.
  • Gå i små grupper og med de man er sammen med til vanlig.
  • Hold avstand til andre grupper dersom det oppstår kø utenfor enkelte hus.
  • Den som åpner døren, er den som deler ut godteri. Husk rene hender, eller bruk skje/pølseklype.
  • Vent med å spise godteriet til runden er ferdig og man har fått vasket/spritet hendene.
  • Ikke del godteri.
  • Ha gjerne en voksen med på runden: de kan sikre både smittevern og trafikksikkerhet i mørket. (FHI)

 

halloween.jpg

FUG sine råd

FUG-leiaren ynskjer lykke til med arrangementa og oppmodar folk til å ta kontakt med FUG dersom dei treng råd. FUG har laga fylgjande råd for å arrangere inkluderande barnebursdagar eller fest:

  • Inviter alle, enten heile kontaktgruppen eller berre jentene eller bare guttene. Snakk med barna om kvifor det er viktig å inkludere fleire enn berre dei barna dei leikar mest med
  • Inkluder alle. Inviter heile kontaktgruppa eller alle jentene/gutane. Snakk med barnet om kvifor det er viktig å inkludere fleire enn berre dei som barnet leikar mest med
  • Har de liten plass til å feire heime? Spør kontaktlæraren eller den ansvarlege leiaren på trinnet om de kan låne lokala til skulen
  • Synest de det blir dyrt å invitere alle? Sjekk om det går an å feire saman med nokon av dei andre barna i kontaktgruppa
  • Når de inviterer til barnebursdag, send invitasjonen ut i fleire kanalar: kort, e-post, SMS eller andre felleskanalar
  • Be om tilbakemelding frå foreldra uansett om barnet kan koma eller ikkje. Då må alle foreldra svare på invitasjonen. Send gjerne påminning for å sørgje for at alle har fått det med seg
  • Oppmod barnet ditt om å gå i bursdag, sjølv om han/ho seier at han/ho ikkje vil. Snakk med barnet om kvifor han/ho ikkje vil gå i bursdagen. Fortel kor viktig det er å delta i andre sin bursdag, og be barnet tenkje på korleis det kjennast dersom mange ikkje kjem
  • Snakk om feiringar på foreldremøte. Bli einige om eit maksbeløp for gåver. Snakk om korleis de skal ta omsyn til eventuelle matpreferansar og allergiar
  • Gi beskjed anten barnet ditt kan komme eller ikkje. Dersom barnet ikkje kan koma, er det fint å oppgje ein grunn, slik at dei som inviterer ikkje treng å lure på kvifor nokon ikkje kom
  • Informer kontaktlæraren om feiringar. Skulen og lærarane er ofte dei som kan oppdage tilgang til eksklusjon og mobbing, eller systematikk i mobbinga. Derfor kan skulen vere ein viktig samarbeidspartnar for foreldra også i samband med bursdagsfeiringar

Les mer: Gode tips til barnebursdagar og andre feiringar