Tala for 2020 er klare og som i 2019 møter FUG-rådgjevarane oftast foreldre som slit med å kommunisere med rektor og skolen. Av dei 480 telefonsamtalane og mailane FUG fekk i fjor, dreier 132 seg om kommunikasjonsproblem. Til saman utgjer det 28 prosent av sakene FUG handterte i fjor. 

- Det er dessverre inga overrasking at kommunikasjonsproblem er det som kjem høgst på lista vår. Dette fekk vi også bekrefta i den koronarelaterte-spørjeundersøkinga vår i april. Då meldte 30 prosent av dei spurde at dei ikkje hadde hatt noko form for kontakt med skulen dei tre fyrste vekene med heimeundervisning. Me har gjentatt til det keisame at me ynskjer oss ein eigen rettleiar for heimeskule. Det kan aldri kommuniserast for mykje mellom heim og skule, seier FUG-leiar Marius Chramer. 

Same tendens såg vi også i 2019. Då utgjorde kommunikasjonsproblem med rektor og skolen 44 prosent av alle telefonsamtalane.

Intern usemje

Etter kategorien "diverse", som utgjer 27 prosent av sakene til FUG, kjem problemstillinga rådsorgan opp. I årevis har foreldre, men også rektorar, kontakta FUG med spørsmål om organisering og gjennomføring av FAU-møter. I 2020 handterte rådgjeverane våre 108 problemstillingar knytta til rådsorgan. Ved somme tilfelle dreier det seg om val eller gjennomføring av møter, ved andre gjeld det uvisse rundt verva. Eit aukande problem som bekymrar FUG er stadig meir intern usemje i FAU rundt om i Noreg. Mistillitsforslag, skakkjørt dialog mellom FAU-leiar og nestleiar, og FAU-leiarar som kjører sololøp er berre noko av det som har overraska FUG dette året.  

- FAU skal vere eit samlande organ som fremjer fellesinteressene i skolen til elevenes beste. I tilfelle ved konfliktar skuldast det som oftast manglande opplæring og oppfylging frå skolen og rektor. Dei tillitsvalde veit rett og slett ikkje kva det vil seie å vere representant i FAU. Ein klarer ikkje å skilje sak og person. Vi i FUG ynskjer oss eit enda tydelegare rammeverk for skoledemokratiet i Noreg. Det er ikkje nok å behalde rådsorgana i lova - vi må styrke dei, seier Marius Chramer, og legg til at forslaget om at rådsorgan ikkje lenger skal vere lovpålagt, har ført til at fleire har ringt til FUG og uroa seg. 

LES OGSÅ: - Har registrert at forslaget har møtt motstand mange steder

marius chramer portrett[1].jpg

Markant tilbakegang frå toppåret 

Samanlagt opplevde FUG ein markant tilbakegang i antal rådgjevingar i fjor. I 2019 kom 584 problemstillingar frå foreldre og andre, men det er verdt å nemne at auka frå 2018 til 2019 var på heile 131 henvendelser. Av dette kan ein konkludere med at 2020 var eit normalår med 480 rådgjevingar.   

Læringsmiljø (14 prosent), mobbing (9 prosent), spesialundervisning (9 prosent) og organisering (8 prosent) er dei neste punkta på lista. Koronarelaterte problemstillingar gjekk igjen i fleire rådgjevingar og kort fortald gjaldt dei ofte foreldra sine forventningar opp mot det faktiske tilbodet til skulane. Rådgjevingar innan mobbing (15 prosent i 2019) og spesialundervisning (12 prosent i 2019) har minka frå 2019, utan at det får Marius Chramer til å juble. 

- Eg har sagt det før, og eg seier det igjen; eg uroar meg for opplæringa elevar med krav på spesialundervisning har fått under korona. Å ta igjen tapt undervisning er bortimot umogeleg. Denne våren venter vi oss ei aukande mengde spørsmål om fråvær, manglande undervisning og karakterar, konkluderer utvalsleiar Chramer. 

Rådgjevingar i 2020 (prosent): 

  • Vanskeleg kommunikasjon med rektor/skolen: 28 prosent
  • Rådsorgan:                                                       27 prosent
  • Annet tema:                                                      23 prosent
  • Læringsmiljø:                                                   14 prosent
  • Mobbing/utrygt skolemiljø:                                 9 prosent
  • Organisering:                                                     8 prosent

* Enkelte rådgjevingar kategoriserast ved fleire tema, difor overstig vi 100 prosent. 


Har du spørsmål - ring oss på 477 99 200!