Leksehjelpa er basert på at elevane skal få hjelp og støtte til å gjere lekser. Skulen skriv ein kontrakt med kvar enkelt heim. Foreldra er så langt som mogleg med på leksegruppa ein gong i veka. Fokus er på kontakt og dialog med foreldra for å få dei til å ta ansvar for skulegangen til barna. Det blir lagt vekt på rutinar og arbeidsvanar (læringsstrategiar) og på lesetrening.

Skulen arrangerer informasjons- og trivselssamlingar for foreldra der dei informerer om lesing og læringsstrategiar. For foreldre med ein annan språkbakgrunn er det lagt vekt på korleis dei ved å bruke morsmålet kan styrkje innhaldsforståinga og omgrepsutviklinga til barna.

Suksessfaktorar

  • Det er viktig at skuleleiinga er involvert i prosjektet, og at ressursane som blir brukte, er timeplanlagde
  • Lærarane som skal drive leksehjelpstilbodet, må kjenne undervisningsopplegga godt, og dei må vite kva dei kan krevje av den enkelte
  • Leksehjelparane må ha erfaring med foreldresamarbeid
  • Det er fint om elevane har tilgang til PC og bruker den til leksearbeid ved behov

Kritiske faktorar

  • Foreldra må med jamne mellomrom minnast på avtalen dei har inngått
  • Nokre foreldre har problem med å delta på leksegruppa slik dei har avtalt
  • Mange elevar har ikkje med seg mat. Det burde vore eit mattilbod på skulen, slik at elevane får ein matpause før dei startar

Erfaringar

Skulen har erfart at elevane får betre arbeidsvanar og betre faglege prestasjonar. Foreldra som deltek i prosjektet, har blitt tryggare på skulen. Mange foreldre har erfart at dei kan hjelpe barna med leksene uavhengig av norskkunnskapar og eigne kvalifikasjonar. Mange av dei eldre elevane har lagt seg til betre arbeidsvanar og læringsstrategiar som følgje av prosjektet.

Skulen ser så langt at foreldre med innvandrar- eller flyktningbakgrunn er den gruppa med størst behov for utvida samarbeid. Mange har lite kunnskap om den norske skulen, og mange slit med psykosomatiske lidingar. Fleire deltek ikkje i leksesamarbeidet når dei ser at barnet får hjelp. Skulen ønskjer at desse foreldra skal delta i og involverast i skulekvardagen til barna i større grad enn i dag. Dei reknar med at dei òg må ta i bruk heimebesøk for å nå enkelte foreldre.

Kontakt mellom heimen og skulen

Skulen erfarte at dei måtte arbeide litt med å få foreldra til å stille, men trass i enkelte utfordringar har oppmøtet frå foreldra vore bra. Det er blitt etablert eit godt forhold mellom skulen og foreldra. Leksegruppene er blitt eit naturleg kontaktpunkt mellom heimen og skulen. Foreldra opplever at det er lettare å følgje med i skulekvardagen til barna etter at dei begynte å vere med på leksegruppa.

Les mer