Skulebygget, uteområdet og digitale verktøy skal vere tilgjengelege for og tilpassa til alle elevane, også dei som har ei funksjonsnedsetjing. Alle elevar har rett til tilrettelegging og tilpassing for å få like god opplæring og like høve til utdanning.

Kva seier lova?

Universell utforming vil seie at produkt og omgivnader er utforma eller lagde til rette slik at dei kan brukast av alle, utan behov for tilpassing (jf. likestillings- og diskrimineringslova). Ingen skal bli ekskluderte på grunn av nedsett funksjonsevne, manglande språkferdigheiter eller andre forhold.

I skulesamanheng omfattar universell utforming både skulebygget, uteområdet og dei digitale verktøya som elevane skal bruke. Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira, og skulen skal vere innretta slik at han tek omsyn til elevar med funksjonshemmingar (opplæringslova § 9-7a). 

Elevar med funksjonsnedsetjingar har rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestaden, undervisninga, læremidla og eksamen for å sikre likeverdige opplærings- og utdanningsvilkår (likestillings- og diskrimineringslova kapittel 3).

Dersom ein elev, ein forelder eller eit av råda/utvala ved skulen ber om tiltak for å rette på det fysiske miljøet til skulen, skal skulen så snart som mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Dersom skulen ikkje innan rimeleg tid har teke tak i saka, kan ein  klage som om det var gjort eit enkeltvedtak.

Universell utforming og spesielle behov

Barn med nedsett funksjonsevne, anten kognitivt og/eller fysisk, treng ofte ekstra oppfølging og hjelp. Barn som ikkje har, eller ikkje kan få, tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på  spesialundervisning.

Ein del foreldre og føresette opplever at det er dei som må administrere og koordinere tiltak rundt barnet. Eit godt samarbeid mellom heimen og skulen, med gjensidig respekt og forståing, er avgjerande for å kunne gi elevar med nedsett funksjonsevne eller særskilde behov eit best mogleg tilbod.